Hallingdølen: A rare dose of passion

Read in EnglishNorwegian

Published by Magnus Lindahl on May 23, 2019 in Hallingdølen

ENGLISH

A rare dose of passion

The festival opened in Sorenskrivargarden

With passion and soul, Karl Espegard and El Muro Tango brought excitement at the opening of Festspillene i Nesbyen.

And it was a different musical opening at this year’s festival. In the 31 years of the festival’s existence, there has been little South American music on the program. But Tuesday night, after the official opening had taken place in Galleri Nystugu with an art exhibition by Kristian Finborud, the cultural week commenced with tango rhythms.

Band to Nes
And it was a big hit. From the first tone, the internationally acclaimed group with members from Argentina, Norway, and Estonia excited the audience in Sorenskrivargarden: The concert lasted for a bit over an hour. And as one member of the audience said right after the concert:
– There has never been so much passion in Sorenskrivargarden.
– A unique experience, says Karl Espegard.
He is the main reason why El Muro Tango played in Nesbyen. Because here he lived for one year when he was around ten-eleven. And here his mother grew up and here his grandparents spent all their lives. With family members in the audience, it was a special evening also for the violinist.
– Very nice. And I’m glad so many people came.

Around the world
El Muro Tango was formed in 2016. Since then, they have toured the world and for the Norwegian audience, the group is also known from Norwegian Television (TV2). In the program «Norwegian Talents» in 2018, they played in the finale. On Tuesday, they brought Juan Villarreal, one of the leading tango singers in Argentina. Espegard started playing music when he was eight years old. Now he is a professional musician, who in addition to El Muro Tango has played in the musical «The Book of Mormon» at The Norwegian Theater for the last two years. The group came to Nesbyen from concerts in Berlin, Innsbruck, and Oslo earlier in May. Saturday they go on the stage in Naples before continuing to Turin and Milan. On June 1st they play in Zurich.
– In 2018, we played 60 concerts. This year we play a little less, says Espegard, who was happy to introduce a new musical genre to the festival.
– Tango is not so common in Norway, but it has gained more and more popularity.

NORWEGIAN

Sjeldan dose av lidenskap

Festspillene opna i Sorenskrivargarden

Med lidenskap og sjel begeistra Karl Espegard og El Muro Tango då Festspillene i Nesbyen vart opna.

Og det vart ei annleis musikalsk opning på årets festspel. I dei 31 åra festspela har eksistert har det vore lite søramerikansk musikk på programmet. Men tysdag kveld, etter at den offisielle opninga hadde vore i Galleri Nystugu med kunstutstilling av Kristian Finborud, var det tango- rytmar som drog i gang kulturveka.

Band til Nes
Og det vart full klaff. Frå første tone begeistra den internasjonalt anerkjende gruppa med medlemmer frå Argentina, Norge og Estland publikummet i Sorenskrivargarden: Konserten vara i overkant av ein time. Og som ein av tilhøyrarane sa det rett etter konsertslutt:
– Så mykje lidenskap har det aldri vore i Sorenskrivargarden.
– Ei spesiell oppleving, seier Karl Espegard.
Det er han som er hovudgrunnen til at El Muro Tango spelte i Nesbyen. For her budde han i eitt år då han var ti-elleve år. Og her voks mor hans opp og her budde besteforeldra så lengde dei levde. Med familie på plass i salen, vart det ein spesiell kveld også for fiolinisten.
– Veldig artig. Og eg er glad for at så mange kom.

Verda rundt
El Muro Tango vart danna i 2016. Etter det har dei turnert verda over, og for det norske publikummet er gruppa også kjend frå TV2. I programmet «Norske Talenter» i 2018 spelte dei i finalen. Tysdag hadde dei med seg Juan Villarreal som er rekna som ein dei fremste tangosongarane i Argentina. Espegard begynte med musikk då han var åtte år. No er han profesjonell musikar, som ved sida av El Muro Tango har spelt i det store oppsetjinga «The Book of Mormon» på Det Norske Teatret dei siste to åra. Til Nesbyen kom gruppa frå konsertar i Berlin, Innsbruck og Oslo tidlegare i mai. Laurdag står dei på scena i Napoli før turen går til Torino og Milano. I Zürich speler dei 1. juni.
– I 2018 spelte me 60 konsertar. Det blir noko mindre i år, seier Espegard, som var glad for å introdusere ein ny musikksjanger i festspela.
– Tangoen er ikkje så vanleg i Norge, men den har vorte meir og meir utbreidd.